Hopp til hovedinnhold
Hopp til søkeboks
Hopp over båndkommandoer
Logg på
Tjenester

Sikring og rehabilitering av bygg

Emneord (los) Byggesak

Når bustaden eller eit næringsbygg blir skadd av brann, flaum eller anna akutt hending, skal kommunen gjere det mogleg å kome raskt i gang med sikring og rehabilitering av bygget.

Beskrivelse

Når bustaden eller eit næringsbygg blir skadd av brann, flaum eller anna akutt hending, skal du kunne setje i gang rehabilitering av bygget utan å søkje kommunen og utan å varsle naboar. Ein eventuell førehandskonferanse skal haldast innan 5 dagar etter hendinga.

Eksempel på sikringstiltak er:

  • opning av konstruksjonar og brannskilje
  • etablering av mellombels bering og understøtting
  • mellombels tetting og sikring
  • fjerning av øydelagde bygningsdelar og installasjonar
  • fråkopling av vatn og avløpsleidningar.
 
Målgruppe

Bustadeigarar og bedrifter.

Kriterier

Ein må ta vare på persontryggleiken på vanleg måte for å bruke bygget.

Den som er ansvarleg for å sikre bygget, må passe på at sikringstiltaka følgjer reglane i plan- og bygningslova.

Dersom bygget er verneverdig, må eigaren avklare nærare med kommunen før tiltaka blir sette i gang. Dette blir gjort i ein førehandskonferanse som skal gjennomførast innan 5 dagar etter at hendinga skjedde.

Søknadsbehandling
Lovpraksis

Byggesaksforskriften § 4-4 Unntak for nødvendige sikringstiltak etter akutte hendelser, § 5-2, § 7-1.