Hopp til hovedinnhold
Hopp til søkeboks
Hopp over båndkommandoer
Logg på

Spesialundervisning

Botten, Rune Endret:30.01.2014 08:15

​Dersom barnet ditt ikkje får eit tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har han eller ho rett til spesialundervisning. Skolen har ansvaret for å vurdere om eleven treng spesialundervisning. Du kan sjølv ta initiativ og krevje at skolen gjer nødvendige undersøkingar for å finne ut om barnet ditt treng spesialundervisning, eller du kan ta direkte kontakt med PPT.

Skolen skal be den pedagogisk­-psykologiske tenesta (PP­tenesta) om å utarbeide ei sakkunnig vurdering. Ho skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva slags opplæringstilbod skolen bør gi, og i kvaomfang. Før skolen ber om ei vurdering, skal du samtykkje.

Dersom den sakkunnige vurderinga viser at eleven har behov for spesialundervisning, skal skolen utarbeide ein individuell opplæringsplan (IOP). Han skal, så langt som mogleg, utarbeidast saman med eleven og deg som forelder.
Du som er forelder, skal få informasjon undervegs om korleis spesialundervisninga går. Ein gong i året skal skolen lage ei skriftleg oversikt over opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven.
(Opplæringslova kapittel 5)

Opprettet: 30.01.2014 07:37